Bu i Leikanger?
Leikanger Næringshage arbeidar med å få fram fleire husvære for utleige eller sal til dei som vil busetja seg i kommunen. Det er for tida under planlegging og oppføring ein del nye bueiningar, fordelt på einebustader, leilegheiter, terassehus, rekkjehus og tomter. Ledige bustader for utleige finn du her: Bustadliste

 

 

 


 


Nybøstrondi

Huldra Vekst
I lag med næringshagane på Nordfjordeid og i Flora, hjelper me kvinner med forretningsidéar.  Det vert arbeidd med planar, økonomi, marknadsføring og anna som høyrer forretningslivet til. Men berre det å møta andre er viktig, Den som vil starta for seg sjølv treng ikkje gå åleine heile tida. Eit felles forum kan vera avgjerande eller til stor hjelp. Neste program startar i januar 2012 og er mynta på unge bedrifter som vil veksa.
Meir info, sjå http://kvinnovasjon.no/sogn-og-fjordane

Borggarden og Saften
Det nye Leikanger sentrum veks fram. Sentrumsplassen har fått namnet Borggarden. Det heitte også den gamle sentrumsplassen som låg på hi sida av riksvegen. Gamle Saften er renovert og ombygd til handlesenter, idrettshall, treningssenter, kultursal og bibilotek.

Leikangeravisa
Avisa handlar om livet i Leikanger, altså mykje leik og lite anger. Den har kome ut i regi av Leikanger Næringshage og med grafisk form av Simone Stibbe.
Leikangeravisa_2010_web.pdf

Café Herman
Kjellaren i Gamlehotellet inneheld ein urban café med moderne servering i gamle rom.

Fruktbare Leikanger
Blant eple og sauer finn du ei høgt utdanna busetjing.
I verdas lengste turistattraksjon – Sognefjorden.
Med 100% barnehagedekning og godt klima.
20 km til skule- og handlesenteret Sogndal.
Fjorden er isfri - og til heilårsbruk.
Rimeleg husleige og tomter.
Fjellturen startar i tunet.
Statistikk for nedbør:

  • Leikanger 980 mm
  • Sogndal 1025 mm
  • Førde 2300 mm
  • Bergen 2200 mm
  • Oslo 685-1200 mm

Me ønskjer småbedrifter velkomne til oss - me har vårt på det turre!

Sogn Etablerarskule
Har vore gjennomført 3 år på rad. Kurset går om hausten og går over 4 helgesamlingar og 2 kveldssamlingar. Her får potensielle etablerarar læra mykje om fleire fagfelt på kort tid. Føremålet med kurset er å førebu etablerararne best mogleg før ideane deira skal setjast ut i handling. Dyktige førelesarar tek føre seg mange tema som inngår i ein samla forretningsplan og denne planen skal vera oppskrifta på korleis ein går vidare etter avslutta kurs.   
Faktaark Sogn Etablerarskule

 

Siste nytt

Teiknar i Gamlehotellet

Teikneseriar frå Gamlehotellet


MX Sport

Ny sportsforretning i Saften.


Melås

Melås as til næringshagen


Café Herman

Nye eigarar overtek Herman

 


No skal det byggast i Leikanger!

Endeleg skal det bli lettare å skaffa seg ny bustad i Leikanger.


Vagstad prosjektservice

3. mai opna eit nytt prosjektkontor i næringshagen. Frode Vagstad har hoppa av frå jobb i staten og etablert eige kontor.


Huldra

Huldra er etableraropplæring for kvinner i regi av næringahagane i Flora, Nordfjordeid og Leikanger. Kontakt "din" næringshage om du vil vite meir om dette!


Leikanger - nest best

Dagens Næringsliv har kåra Leikanger som landets nest beste kommune å bu i. Litt lenger inne i Sognefjorden ligg den aller beste: Luster kommune. Det er greitt å vera sogning. Meir: http://www.dn.no/forsiden/politikkSamfunn/article1461694.ece