Om Leikanger Næringshage

Ein næringshage er ei samlokalisering av små, kunnskapsintensive verksemder.

Leikanger Næringshage er ein av 35 næringshagar som er etablert av SIVA (Selskap for industrivekst SF). Etablering av næringshagar er ei statleg satsing for å stimulere lokale kompetansemiljø slik at dei kan utvikle seg.

Leikanger Næringshage har lokale i bankbygget og Gamlehotellet i Leikanger med flott utsikt mot Sognefjorden. Leikanger Næringshage vart, som den tredje næringshagen i Sogn og Fjordane, opna 14. juni 2002. Det er omlag 25 verksemder i næringshagen med tilsaman over 50 arbeidsplassar.

Fagmiljø og samarbeid mellom verksemdene er viktige suksessfaktorar i næringshagen. Næringshagen skal vere ein open og trygg arena for uformelt samarbeid der fagleg og personleg nettverk vert bygt.

Kontor i Leikanger Næringshage?

Me har nokre ledige kontor, og kan tilby plass for både korte og lange leigeperiodar.

Som leigetakar får du moderne kontorlokale, fagleg og sosialt fellesskap og tilgang til ulike kontorteneste, mellom anna breiband med 40 mbit internett-aksess.

Interessert? Kontakt oss på tlf 57 65 69 45 eller e-post: post@leikangernh.no