Leikanger Næringshage
er lokalisert i Gamlehotellet og bankbygget i sentrum av Leikanger. Her er det samla omlag 20 bedrifter med til saman 50 tilsette. Her er eit bedriftsmiljø med kontor, parkering, møterom og ulike kompetansemiljø.

 

Leikanger sentrum

Leikanger Næringshage har i 2020 arbeidt med å sjå om det er mogeleg å få meir liv og røre i sentrum. Kva som skal til for å få dette til, og korleis gjere sentrum til ein stad der folk møtest meir.

Me har engasjert Asplan Viak as til å kome med idear. Sogn Næring as har støtta prosjektet.

Så snart det vert meir normale møteforhold, ser me også for oss å lage idedugnader med bygdefolk og møte dei offentlege etatane som held til i Leikanger.

Dette er Leikanger Næringshage as sitt innspel til samfunnsplanen for Sogndal kommune, delplan Hermansverk.

 

Bu i Leikanger?

Hus til sals

Hus til leige

 

Ledig kontorareal

I bankbygget er det ledige kontor med fjordutsikt.

 

Kontakt

Det er ikkje fast kontortid, kontakt oss helst på epost post@leikangernh.no

Einar Skram Husabø har mobil 900 63 355.

 



 

 

 


 


Nybøstrondi

Fruktbare Leikanger
Blant eple og sauer finn du ei høgt utdanna busetjing.
I verdas lengste turistattraksjon – Sognefjorden.
Med 100% barnehagedekning og godt klima.
20 km til skule- og handlesenteret Sogndal.
Fjorden er isfri - og til heilårsbruk.
Rimeleg husleige og tomter.
Fjellturen startar i tunet.
Statistikk for nedbør:

  • Leikanger 980 mm
  • Sogndal 1025 mm
  • Førde 2300 mm
  • Bergen 2200 mm
  • Oslo 685-1200 mm

Me ønskjer småbedrifter velkomne til oss - me har vårt på det turre!